Haben Badstove ligg usjenert til i skogkanten på svaberget sør vest på Talgje. Den er praktisk og brukarvennleg og er varm når du kjem.
Dette er ei flyttbar badstove, plassert i næringsområdet til Anker Gaard i Østabøvågen på Talgje. 
Frå parkering er det omlag 3 minutt å gå.
Badestova har eit lite omkledningsrom. Det er plass til maks 7 personar inne i saunane.
Badstova blir varma opp elektrisk og er klar til bruk. Dei som ønskjer kan fyre med ved i tillegg.
Det er tilrettelagt med badestige.
All bading og bruk av badstova skjer på eige ansvar og alle gjester må gjere seg kjent med  vilkår for bruk.
Bruksreglar
Bruk kun ferskvatn på omnen
Ikkje stup frå badestigen eller ut fra svaberget
Barn under 16 år må komme i følgje med vaksne
Av omsyn til hygiene bruker alle handkle på sittebenk
Mat i badstova er ikkje tillatt
Vis respekt for neste gjest; ta med søppel, tørk opp og avslutt innan booka tid
Tips
Ferskvatn finn du i vass-slange på utsida av bygget
Drikk vatn før, under og etter besøket
Føler deg uvel eller svimmel må du ut av badstova
Gje beskjed til andre når du går og badar
Booking er via Gibbs bookingssystem. Ein må vere 18 år for å booke plass.
Pris per person er kr 180 for 1,5 timar (90 min). Minimum booking er for 2 personar.
For å kunne garantere at badstova er varm når du kjem, må den bookast seinast 1 time i førevegen.
Betaling er med Vipps eller Visa/Mastercard.
Ved booking får du tilsendt ein sms med dørkode (30 min før timen startar).
Opningstider
Alle dagar 07-22
(siste time 20.30-22)
Anker Gaard ligg sør-vest på øya Talgje. Talgje er øy i Ryfylke i Stavanger kommune som er landfast med tunnel.
I rundkjøringen på Talgje - ta til høgre.
Det er plass for parkering på oppmerka stader, sjå skilt på staden.
Sjå og oversikt nederst på sida.
Åpent 
kl 07-22 kvar dag 
Badstova er varm og klar til bruk når du kjem
Badstova blir varma opp med elektrisk omn. Dersom du vil, kan du fyre med ved i tillegg.
For at me skal kunne garantere at det er varmt når du kjem, må du booke tid seinast 1 time i førevegen.
Dørkode 
Ved bestilling får du tilsendt ein kode på sms.
Døra har smekklås, så difor må du anten hugse koden - evt ha mobilen tilgjengeleg på utsida, eller; legg tauet (som er festa på innsida like nede ved døra) ut i døra slik at den ikkje går heilt att.